Volda AP satsar på folkehelse, og turvegar er ein del av dette. Denne perioden har Volda AP vore ein aktiv pådrivar for støtte til gode folkehelsetiltak, og saman med fleire andre parti har vi bidrege til å gjere ulike turmål i kommunen meir tilgjengelege og ikkje minst trivelegare gjennom bygging av offentlege toalett.

Diverre har vi så langt ikkje lukkast med å bygge ferdig turvegen med størst potensial for allmenn bruk i Volda sentrum, turvegen rundt Rotevatnet.

På Årneset og inne i Botnasanden er det no lagt godt til rette med parkering, offentlege toalett og universell tilkomst. Den offentlege investeringa vert ikkje komplett, og når ikkje sitt fulle potensial, før ein samanhengande turveg er på plass.

Planarbeidet for turvegen er allereie ferdig, førre gong saka var oppe i kommunestyret mangla vi ei stemme for å få planen vedteken. Sidan dette tiltaket gjennom ulike stønadsordningar kan oppnå bortimot fullfinansiering, så handlar ikkje dette om å velje mellom turveg og andre viktige vegprosjekt.

Vi meiner dette handlar om å styrke folkehelsa gjennom å gjere det mogleg for alle å vere aktive i sitt nærmiljø.

Difor er denne saka viktig og difor vil Volda Ap ta denne saka opp igjen til hausten.