Det har i mange år vore ein del snakk om gamle og utdaterte turistinfoskilt i Volda kommune, spesielt etter samanslåinga med Hornindal.

I eit samarbeid mellom Volda Næringsforum, DÅS og kommunen har ein no i første omgang bestilt opp ti nye skilt.

Dei første tre skilta kom opp før fellesferien og står ved Honndøla Bru, Grodås sentrum og Lauvstad ferjekai. No kjem det opp skilt i Volda sentrum, der ferjekaia er først ut onsdag. Vidare skal det monterast skilt også i Austefjord, Hjartåbygda, Bjørke, Bjørkedal,  Folkestad, og kanskje fleire etter kvart. Skiltdesign er utforma av DÅS, som også vil invitere andre kommunar i sjustjerna til å nytte dette som felles skiltdesign. Dei sju kommunane på søre sunnmøre har også tidlegare i år gjort vedtak på å gå vidare med eit felles reiselivsprosjekt med leiing frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, fortel Roar Vikene, næringssekretær i Volda næringsforum i ei pressemelding.