– Ørsta frikyrkje ønsker alle ei god julehøgtid, og seier hjarteleg velkomen til å feire jul i frikyrkja, seier pastor i Ørsta frikyrkje, Eli Hatlen.

Julefeiringa i Ørsta Frikyrkje startar med julegudsteneste for alle generasjonar saman. Her vert det mykje fin julesong og musikk.

Eirik Stave og Elias Åkre Grimstad vil spele, medan Hanna Åkre Grimstad, Marit Hovland og Rebekka Grimstad Aarseth vil bidra med song. Elles vil Tomine og Vilma Moe hjelpe pastoren med å leie gudstenesta.

Her vert det kreativ formidling over temaet: Kven er Jesus?

– Etter julegudstenesta vert det julefeiring for alle som ynskjer i kyrkjekjellaren, seier Hatlen.

Slik kan det sjå ut når Ørsta frikyrkje har pynta til jul. Foto: Ørsta frikyrkje

Fellesskap

Hatlen fortel at arrangementet sponsa av Sparebank1. Ho understreker også at det er gratis, og at eik ikkje treng å delta på gudstenesta for å vere med på julefeiringa i kyrkjekjellaren.

– Kyrkje er fellesskap, og i julehøgtida, og dei som kjem til julefeiring i frikyrkja kan gle seg til god julemiddag og dessert, julekaker og snop. Juleevangeliet vert lest, det er mogleg å gå rundt juletreet, og det som elles kjenneteiknar eit godt juleselskap. Kanskje finn du ei gåve under treet med ditt namn på, seier pastoren.

Ho informerer om at arrangementet er alkoholfritt, og seier det passer for alle aldrar.

– Tuva Lannerholm Chinedu og Ernest Chinedu er vertskap saman med dei to små gutane sine, og dei ser fram til å feire jul saman med dei som kjem. Hugs å melde deg på om du tenker å delta slik at vi kan berekne nok julemat, seier Hatlen.

Møteleiar Per Gunnar Sætre ønskte den nye pastoren i Ørsta Frikyrkje, Eli Sofie Hatlen, velkomen til Ørsta då ho byrja i jobben i 2021. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes/Arkiv

Oppmodar til å bidra

Pastoren seier at vertskapet set pris på alle som vil bidra:

– Kanskje kan du hjelpe til på kjøkenet, vere medvert, eller bidra med julekaker og julegåver. Det vert hengt opp til frå lappar med gåveønsker på eit juletre i Frikyrkja, og du kan ta med deg ein lapp og kjøpe/lage ei gåve som du festar lappen på og tar med tilbake og legg under juletreet på julaftan.