Den 19. mai vert det folkerøysting i Ørsta og Volda om kommunesamanslåing.

For å få innbyggjarane best mogleg budde til folkerøystinga, leiger Ørsta og Volda kommunar inn Ekkoloddet AS som tidlegare Sunnmørsposten-journalist Torill Myren driv.

I dei komande vekene vil kommunane saman med Myren finne ut korleis informasjonen best mogleg skal kome ut.

– I den informasjonen må det også kome fram at det vil vere mogleg å stå åleine, insisterte Ørsta-ordførar Stein Aam på forhandlingsmøtet i Furene torsdag.