Åmdalskoret berre damer er sjølvskrivne gjester på scena når vokalgruppa Pitsj kjem til Ørsta kulturhus tysdag 3. oktober.

For Pitsj består av berre damer, lik Åmdalskoret.

Måndag hadde koret workshop saman med dei topptrente vokalistane i Pitsj, og publikum vil få ein smakebit av lokale røyster frå scena.

- Meni all hovudsak er det Pitsj som står for konserten i kveld, seier dirigent i Åmdalskoret berre damer, Janne M.G. Skarstein.

Pitsj er fem sterke stemmer som skaper vokalmusikk i landskapet mellom jazz, pop og folk. Ensemblet er kjenneteikna av homogenitet, groove og eit stort stilmessig spenn. Ambisjonen er å utnytte alt potensial som ligg i fem jentestemmer.

Pitsj har i over ti år vore ei av Noregs og Nordens leiande vokalgrupper. Frå debuten i 2006 har Pitsj vore kjent for friske versjonar og sofistikerte tolkingar av norske viseskattar, i tillegg til kjende standardlåter i nye norske attdiktingar. I dag skriv gruppa eigen musikk med ein sound som er både mjuk og kratfull.

Utanfor Noreg har Pitsj turnert i Latinamerika, Japan, Aust-Europa og Skandinavia.