Ei varsla stormflo hadde ein topp klokka rundt 12.00 i dag. Ved småbåthamna i Ørsta stod vatnet opp til parkeringsplassen, men folk som følger med ver og vind har nok sett det verre tidlegare.

Samstundes er meir dårleg ver på gang. Det neste døgnet er det venta mykje nedbør. Det kan og bli mykje vind på Vestlandet,men det ser ut til at dei får det verst lenger sør.

– Det byrjar torsdag kveld, med sørvestleg vind opp i full storm styrke på kysten av Rogaland og Hordaland. Når lågtrykket har passert, skiftar vinden til vestleg og nordvestlig retning, seier meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga for Vestlandet.