– Det vert vurdert som positivt for bygdene på Vartdalsstranda at det har vore råd å kome fram til ei løysing gjennom avtale. Vonleg vil det anlegget som Vartdal Turn og Idrettslag skal byggje her vere til nytte og glede i mange år framover, seier rådmannen.

Dei grunneigarane som har inngått avtale er Arvid Sætre, Olav Sætre, Andreas Sætre, Aashild Vartdal og Eva Volle, Jogeir Sætre og Olav Berg.

I juni 2016 avgjorde Søre Sunnmøre tingrett at eit areal på Vartdal kunne oreignast med føremål om å byggje idrettsanlegg ved sidan av Vartdal skule. Saka vart anka til Frostating Lagmannsrett av grunneigarane. Det vart planlagt at sak for lagmannsretten skulle handsamast i april 2017.

Hausten 2016 vart det teke initiativ om å prøve å få til frivillige avtalar om overdraging av grunn. Det vart halde fleire forhandlingsmøte og det vart utforma framlegg til avtale. 21. desember i fjor var det klart at partane var samde. Avtalar vart underskrivne av ordførar og leiar av idrettslaget.