Biblioteksjef MAriann Schjeide ved Høgskulen i Volda får eit høgthengande verv i IFLA.

International Federation of Library Associations and Institutions spurde Schjeide om ho kunne engasjere seg meir i IFLA. No har ho blitt oppnemnt til seksjonane FAIFE (Freedom of Access to Information and Freedom of Expression). Det skriv Høgskulen i Volda.

– Det er ti plassar i denne seksjonen, og for inneverande periode (2021-2023) er ingen nordiske land med. Denne seksjonen er ein av dei verkeleg høgthengande seksjonane. Særleg fordi det er Governing Board som utnemner, og FAIFE skal rettleie hovudstyret i spørsmål rundt ytringsfridomen i vid forstand, seier Schjeide.

– Eg håper det er ei fjør i hatten til høgskulen også. Det er mange år sidan ein nordmann hadde sete i FAIFE.