Det har vore to hjorteteljingar i Ørsta og dei andre kommunane på Søre Sunnmøre i vår; 22. april og 6. mai.

I alle kommunane vart det registrert færre hjortar enn i fjor.

I Ørsta vart det talt 530 hjort på første teljing og 692 på andre tejling – noko som gjev eit snitt på 616.

Tabellen viser tala frå hjorteteljingane i dei ulike delane av Ørsta kommune. Foto: Ørsta kommune

I alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre vart snitt-talet på dei to teljingane 4301 hjortar denne våren, mot 5045 i 2022.

Alle kommunane hadde som nemnt nedgang. I den største hjortekommunen Volda vart det registrert 1422 hjortar, mot 1591 i fjor. Nummer to er Vanylven, med 1386 hjortar i år mot heile 1735 våren 2022.

Ser ein lenger tilbake i tid, så vart det på 2000-talet registrert to-tre tusen hjortar på heile Søre Sunnmøre på vårteljingane. Etter 2016 har nivået vore 4500-5000, med unntak av 2019, då det var markant lågare.