Kurset vert arrangert på kveldstid på Volda turisthotell, melder Volda kommune på si heimeside.

Kampanjen går ut på å spreie kunnskap om kva demens er, og korleis ein gir god service til personar med demens. Målgruppa er t.d. tilsette i butikkar, bankar, apotek, transporttenester, frisørsalongar med fleire.

«Eit demensvennleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Når fleire i samfunnet kan litt meir om demens, vert det lettare å leve med sjukdommen, og det blir eit venlegare samfunn for alle.

Arbeidsgruppa håper at kurset kan bidra til at det vert enklare for personar med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar i Volda-samfunnet. Ved stor interesse kan det bli aktuelt med fleire kurskveldar, og å lage ein kurskveld for interesserte utanfor næringslivet også», skriv Volda kommune.