Det seier Johnny Kragset frå Sparebanken Vest. Han og andre representantar for banken delte tysdag ut 100.000 kroner til Nynorsk kultursentrum, og deira prosjekt i 2023 der det skal markerast at det er hundre år sidan den fyrste nynorske biletboka kom ut.

– Vi skal ha opplegg både i Aasentunet, i Ulvik og i Vinje, fortalde direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark få han på vegner av Nynorsk kultursentrum tok i mot gåva.

Mellom anna skal det vere fleire opplegg for born, der dei skal vere med på å snakke om, syngje om og spele om det som står i biletbøker.

Sparebanken Vest har avdelingskontor i Volda, og då søknaden om gåvemidlar kom, var ikkje Johnny Kragset i tvil.

– Nynorsken er viktig for identiteten og kulturen vår. Nynorsk kultursentrum gjer eit godt arbeid for å fremje nynorsken, og ikkje minst å arbeide opp mot born. Søknaden om å bruke gåvemidlar på prosjekt for born trefte midt i føremålet til gåvemidlane, seier Kragset.