Natt til første nyttårsdag var det mykje rusa ungdom i Ørsta sentrum.

– Politiet som var på jobb i Ørsta sentrum i natt opplevde at det var svært mykje rusa ungdom ute. Fleire av desse var mindreårige. Det var ingen vaksenpersonar eller føresette i sentrum som tok seg av sine unge håpefulle, skriv politiet på X/Twitter.

Politiet har ikkje rapportert om hendingar i Ørsta eller Volda. Det vert opplyst at nyttårsfeiringa har vore prega av at det har vore ein god del folk ute.

– Mange mindre hendingar rundt om i fylket. Sjølve feiringa ved midnatt føregjekk pent og pynteleg, men festivitetane i etterkant har medført litt ekstra.