Omkransa av bratte fjell og med ein fantastisk natur ligg Bjørke godt verna innerst i Hjørundfjorden. Bygda er i vekst, dei unge vender heim, satsar no der dei for mange år sidan sprang barføtt over grøne engar. Her finn mange tilreisande roa med turar i fjella og på sjøen.

Eit bad i sjøen er helder ikkje å forakte.

Komande helg vert det igjen Midtsommardagar, det har vorte ein tradisjon der lokale og inviterte handverkarar set opp sine boder langs den gamle naustrekka.

Her finn ein alt frå trearbeid, bøker, lokalmat, retrovarer, smykker, ull, tekstilar og Artige skruar. Det vert er leikar og aktivitetar for borna. Antikklåven på Åkre held ope.

Med nyslåtte marker held Bakketunet ope for besøkande med kunstutstillingar og strikkebutikk. Hjørundfjordstrikk som har fast plass i kammerset, presenterer denne helga historia om Gråkolla i Hjørundfjorden fortalt gjennom eit heilt nytt strikkedesign: Gråkolleskjerfet! Det blir servert slåttegraut frå utekjøkkenet på søndag.

Bjørke bedehusforrening har kafe med bugnande Sunnmørsk kakebord og alt som høyrer til. Rjomegraut på søndag.

Bygda gler seg stort til å ta i mot små og store som er med på å gjere helga til ein stor fest.

Med grøne markar, forsatt litt snø i fjella og sol er bygda på sitt vakraste denne årstida.