Ørsta kommune opplyser at dei har sett opp 23. og 25. august som datoar for oppfriskingsdose for alle over 75 år.

Vidare skriv kommunen at ny oppfriskingsdose for gruppene 65–74 år og 18–64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, vil i følgje FHI vere avhenge av vidare smitteutviklinga.

Ørsta kommune er klar for å vaksinere denne gruppa frå 1. september om FHI gir klarsignal for dette.

Vidare skriv kommunen:

«Anbefalinga om ny oppfriskningsdose for nemnte målgruppe gjeld uavhengig av om du nett har gjennomgått infeksjon. Tidsintervall etter gjennomgått Covid-19 infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lengre intervall vil som regel gje betre immunrespons.

Ørsta kommune legg opp til timebestilling av vaksinasjon i haust.  Det vil sei at kvar enkelt må bestille seg time via Helsenorge eller ved å ringe vaksinasjons-telefonen (NB! stengt fra 11. juli til 5. august).

Andre som vil starte eller fullføre vaksinasjonen sin er hjertelig velkomne til å bestille seg time.

Det er planlagt vaksinasjon 23. august og 25. august. Vaksinasjonsstad er gamle HBO-lokalet ved Ørstaheimen, 3. etg, inngang fra Grepalidvegen.

Vaksinasjons-telefonen er stengt frå veke 28 til og med veke 31.

Minner om at du fortsatt kan hente både hurtigtestar og PCR  mellom kl 09.00–11.00 på teststasjonen.»