Den tidlegare faglege leiaren i PP-tenesta i Ørsta og Volda, Tone Hoggen Foldal, tek bladet frå munnen i dette intervjuet med Møre-Nytt. Ho fortel om ei svært vanskeleg tid i PP-tenesta.

– Det eg har følt verst, er at vi ikkje har vore høyrde. Vi har opplevd tette skott mot administrasjonen, mot hovudverneombodet og mot dei tillitsvalde i Utdanningsforbundet, seier Hoggen Foldal.

Når Hoggen Foldal lettar på sløret no, er det fordi saka om PP-tenesta har fått stor omtale og merksemd. Det har skjedd med ein gjennomgang i kontrollutvalet, og kommunestyret – og med mykje mediedekning. Ho kjenner eit behov for at hennar og dei tilsette si historie skal kome fram.

Frå 1. august vart PP-tenesta avvikla i Ørsta og Volda, slik ho har vore organisert dei siste åra. Det skjedde etter at kommunestyra i Volda og Ørsta vedtok at dei pedagogisk-psykologisk-tenestene for dette området skal vere i eit felles opplegg med Ulstein og Hareid, og med kontor i Ulsteinvik.

Avviklinga av den felles tenesta for Ørsta og Volda har vorte opplevd som brutal for dei tilsette. Prosessen har vorte til ei stor politisk sak, og der dei tilsette har kjent presset svært tøft.

– Vi har vorte utsette for ein urettferdig prosess, insisterer Hoggen Foldal.

Arbeidsmiljøgransking

Det var gjennom nokre år uro i tenesta, og det vart sjukmeldingar. I mai 2015 sende dei tilsette eit varslingsskriv om helsefarleg leiing til arbeidsgjevaren, og med kopi til hovudverneombod og fagforbund. Denne varslinga utløyste ei arbeidsmiljøgransking. Denne konkluderte med at det var leiarutfordringar, og at det var utfordringar med det generelle arbeidsmiljøet.

Rapporten kom i oktober 2015. Kort tid etter sa leiaren for tenesta opp.

Ny varsling

I desember 2015 kom det ei ny varsling. Denne gongen frå hovudverneombodet. Det medførte ei andre arbeidsmiljøgransking, og der rapporten vart hemmelegstempla. Rapporten var grunnlaget for at administrasjonen i Ørsta kommune konkluderte med at tenesta ikkje kunne halde fram, og det vart tilrådd overfor kommunestyret at tenesta skulle avviklast i si dåverande form. Det vart søkt etter samarbeidspartnarar, og konklusjonen vart ei felles teneste for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta.

– Vi veit enno ikkje kva som står i denne rapporten. Sjølv om han er referert for kommunestyret i Volda, og for kommunestyret i Ørsta denne veka, seier Hoggen Foldal.

– Byrja å fungere igjen

Ho reagerer på utgangspunktet for denne siste granskinga.

– Varslinga kom på eit tidspunkt då vi byrja å fungere igjen, og at det vart ei ny arbeidsmiljøgransking kom som lyn frå klar himmel. Folk kom tilbake på arbeid etter ein veldig vanskeleg periode. Vi opplevde at varslinga frå hovudverneombodet handla om ting som låg tilbake i tid, og som var rydda opp i. Vi var ein gjeng med tilsette som var villige til å stå på for klientane våre. Vi hadde ein unik sjanse til å byggje opp ei god og sterk teneste for Ørsta og Volda, fortel Hoggen Foldal.

Ho fortel at ho og dei andre tilsette var svært skeptiske til denne siste arbeidsmiljøgranskinga, nettopp fordi dei meinte at ho bygde på forhold som låg tilbake i tid.

– Vi var sjokkerte over denne varslinga frå hovudverneombodet, fortel Hoggen Foldal.

E-posten

Det vart altså konkludert med frå administrativt og politisk hald at tenesta skulle avviklast i den forma ho hadde. Saka vart handsama i aktuelle politiske organ i Ørsta. Før handsaminga av saka i levekårsutvalet, i slutten av februar i år, sende Hoggen Foldal ein e-post til medlemmene i levekårsutvalet.

I denne e-posten imøtegår Hoggen Foldal argumenta om at tenesta skulle avviklast frå 1. august i år, og ber om meir tid. Samstundes kjem ho med kritikk mot administrasjonen ved leiinga i skuleseksjonen, hovudverneombodet og leiinga i Utdanningsforbundet. I e-posten tek ho også med kritikk mot administrasjonen ho hadde fått innspel om frå andre tilsette i skuleverket. Denne kritikken handla om trakassering frå leiinga si side, og at det var skapt ein fryktkultur.

Personalsak

– Eg angrar ikkje på e-posten, men eg burde sikkert også ha brukt mildare ord. Han burde også ha gått til seksjonsleiaren, seier Hoggen Foldal.

Ho presiserer at ho sjølv ikkje har opplevd nokon fryktkultur.

– Vi varsla sjølve, men då fryktkultur vart nemnt i e-posten var det etter innspel frå andre tilsette i skuleverket. Desse fortalde om dette til meg. Det vert framstilt som om det er eg som har meint at det har vore ein fryktkultur, og det opplever eg som vanskeleg, seier Hoggen Foldal.

Denne e-posten førte til eit stort rabalder. Politisk vart det konsekvensar fordi han ikkje vart lagt fram for levekårsutvalet, og var medverkande til kontrollutvalet si handsaming av prosessen kring omorganiseringa av PP-tenesta. For Hoggen Foldal personleg vart det eit rabalder fordi det vart oppretta ei personalsak mot henne.

«Avhøyr»

På det ho opplevde som eit svært kort varsel, vart ho kalla inn til eit møte med leiinga i skuleseksjonen.

– Eg fekk tilbod om å ha med meg hovudtillitsvald. Men valde å ha med meg den plasstillitsvalde, og eg fekk tak i ein advokat, då eg opplevde sjølve innkallinga som eit trugsmål. Eg opplevde sjølve møtet som eit regelrett avhøyr, og var glad for at eg hadde med meg advokat. Eg har i ettertid fått stadfesta frå advokatar i Utdanningsforbundet at e-posten eg sende er innanfor ytringsfridomen eg har som tilsett, seier Hoggen Foldal.

Resultatet av e-posten ho sende, var at ho fekk ei åtvaring frå Ørsta kommune.

Avvik

I denne tida opplevde ho ei vanskeleg sak på sjølve PP-kontoret. Det var at eit konfidensielt journalnotat hamna hos overordna. Det skal ikkje skje. Hoggen Foldal tok tak i saka, og etter å ha rådført seg med Datatilsynet munnleg, sende ho ei avviksmelding. Ho sette i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene.

– Viss eg ikkje hadde sagt ifrå, hadde eg ikkje gjort jobben min som fagleg leiar, fortel Hoggen Foldal.

Datatilsynet seier seg tilfredse med at tiltak i etterkant av avviket vart sett i verk. Når det galdt brot på teieplikta, konkluderer Datatilsynet med at det er ei sak som må handsamast av fylkesmannen.

– Har ikkje vorte høyrde

Hoggen Foldal opplever at ho og dei andre tilsette har vorte framstilte som vanskelege i denne perioden.

– Men det einaste vi har ynskt, er å ha vorte høyrde. Arbeidsmiljølova set vilkår om medverknad i ein omorganiseringsprosess. Vi i PP-tenesta har ikkje hatt denne medverknaden. Vi har ikkje stilt oss negative til ei ny organisering. Men ei utsetjing i eitt år. Vi meiner prosessen har gått altfor raskt, seier Hoggen Foldal.

Ho meiner å ha belegg for dette, og viser til innspel ho har fått i seinare tid.

– Opne saker vert ikkje handsama før nyttår av det nye kontoret, og det er ventelister, fortel Hoggen Foldal.

Kritisk til verneombod

Ho rettar sterk kritikk mot hovudverneombodet og mot Utdanningsforbundet sine øvste tillitsvalde. Ho opplever at dei har teke stilling i saka, til fordel for arbeidsgjevar.

– Hovudverneombodet har hatt fleire hattar, og der det har vore uråd å vite kven vi held oss til. I roller som hovudverneombod, tillitsvald i Utdanningsforbundet og politikar. Vi opplevde det som uetisk og problematisk at ho hadde fleire roller, seier Hoggen Foldal.

Når det gjeld den hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet, har ho opplevd at dei tilsette som er organisert i dette forbundet ikkje har oppnådd kontakt.

– Frå hans og hovudverneombodet si side har det vorte hevda at dei skal representere alle tilsette. Det skjønar eg. Men vi har opplevd at dei ikkje har villa representere oss, seier Hoggen Foldal.

I nytt arbeid

Ho har slutta i PP-tenesta. Formelt har ho permisjon, men har fått nytt arbeid hos Ørsta vidaregåande skule. Fire andre fagleg tilsette, alle fagleg tilsette som var att, har også fått arbeid andre stader.