Indiepopfestivalen Indiefjord vert halden på Bjørke også i sommar.
– Ja, dette var så vellykka i fjor at vi hiv oss på i sommar også, fortel Silja Haddal Mork.
Saman med systera Ingvild Mork og gode medhjelparar inviterer kulturpådrivarane til festivalhelg på Bjørke 11. og 12. juli.
– Vi legg festivalen opp etter same oppskrift som i fjor, med dagskonsertar i Bakketunet og i Notanaustet, og med kveldskonsertar med fem-seks band på Haukly, fortel Haddal Mork.
Ho fortel om stor interesse for indiepopfestivalen utanfor riksgrensene.
Kontakt
– Mange artistar har teke kontakt med spørsmål om å få delta på festivalen. Artistar frå England og Spania skal vere med, men kanskje også frå USA, vi driv no og plukkar ut artistane, fortel Haddal Mork.
Ho tippar femten-seksten artistar kjem til å vere med på festivalen.
Haddal Mork synest det er kjekt å skape noko i lokalsamfunnet på Bjørke.
– Det verkar som at bygdefolk set pris på dette arrangementet. Vi ønskjer å skape god stemning i bygda. Og vi vil gjerne også ha med lokale lag- og organisasjonar i festivalen, så det er berre å ta kontakt, oppmodar Silja Haddal Mork.