I Ørstavassdraget vart det frå 13. juli innført ei innstramming i mengda fisk ein kan fiske.

I perioden 13. juli til 31. juli er det ikkje høve til å fiske meir enn ein fisk per døger, mot tidlegare to. Årskvoten er redusert frå femten til åtte fiskar per person. Årsaka til restriksjonane er dårleg oppgang av fisk i elva.

I Bondalselva vert restriksjonane innført frå 18. juli, og vil i utgangspunktet gjelde ut sesongen, til og med 15. august.

Også i Bondalselva handlar det om å redusere døgnkvoten frå to til ein fisk per fiskar.

Vurderte å stengje

– Vi gjer dette for å sikre ein viss oppgang av laks, samstundes som vi ynskjer å bevare interessa blant fiskarane til å fiske i elva, seier Jan Ola Valseth i Bondalselva elveeigarlag.

Faktisk vurderte styret i elveeigarlaget til Bondalselva tidlegare denne veka å stengje elva heilt. Grunnen var at elva var så lita at det knapt var råd for fisk å gå opp.

Dei siste dagane har det kome noko nedbør, og det har hjelpt litt på.

– Vi håper og trur at vi kan greie å halde elva opa vidare med å redusere døgnkvoten, seier Valseth.