– Eit normalår, og om lag 40 færre enn det vi hadde i toppåret 2009, seier rådgjevar i seksjon skule, Toril Romestrand Hjelle.

126 i Ørsta

Dei ferske skuleelevane fordeler seg med ni på Dalane skule, 18 på Hovden skule, fem på Sæbø skule, sju på Vartdal skule, 43 på Velle skule, 44 på Vikemarka skule, i tillegg til sju på Åmås skule.

Dei siste åra har særleg sentrumsskulane opplevd vekst, og kapasiteten på Velle skule, og særleg Vikemarka skule, er sprengd.

Fullt i sentrum

Skulane er jamnstore med rundt 300 elevar kvar. Dei største klassene er på Vikemarka, der det i tredjeklasse i år er 28 elevar i kvar klasse. Det er også venta ein ny elev i eine klassa.

– Men vi må vere svært glade for folketalsvekst i Ørsta, seier seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp.

– Det einaste som er sikkert med elevtalet, er at det aukar stadig. Fordelinga av førsteklasse gjorde vi i februar, men ut på våren byrjar telefonane å kome om folk som treng skuleplass. Det er gjerne utflytta ørstingar som har tenkt å flytte heim, og vi har også mange minoritetsspråklege elevar, fortel dei to på skulekontoret.

Nytt

Nytt av året er at det også vert starta opp eigne introduksjonsklasser både på ungdomsskulen og barneskulen (Velle skule).