Det skriv Ørsta kommune på si heimeside, og forklarar vidare:

«Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjere noko. Nødvarselet som blir sendt ut er VIKTIG MELDING.»

Dette skjer når Naudvarsel testast

Testen blir utløyst mellom kl. 11.55 og 12.10 den 14. juni 2023.

Når du mottek testen vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekunder.

Ein tekst på norsk og engelsk dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.

Varselet kan "dragast" vekk eller fjernes ved å trykke "ok" (Dette avhenger av hvilken type telefon og operativsystem du har).

Ei teneste frå styresmaktene

Naudvarsel er ei teneste frå norske styresmakter, og det er politiet eller Sivilforsvaret som kan sende ut slike varsel.

Fleire andre europeiske land har god erfaring med å bruke denne teknologien for å varsle innbyggarane sine om alvorlege farar som for eksempel flaum, terroråtak og utslepp av kjemikal. Nødvarsel på mobil kan hjelpe til å redde liv og helse også her i Noreg.

Naudvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar som med høg lyd gjev signal om at du må oppsøkje informasjon. Under ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som for eksempel på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium.

På same måte som ein testar tyfonane kvart halvår, skal også Nødvarsel på mobil testast jamleg.

Slik fungerer naudvarsel

Eit naudvarsel blir sendt ut via mobilnettet til alle mobiltelefonar som kan ta imot slike meldingar, i løpet av nokre få sekund. Teksten i varselet vil vere på norsk eller engelsk, avhengig av kva for språkinnstilling du har på telefonen din. Om telefonen din stør tekst til tale, kan du også få varselet lese opp.

Naudvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysningar om deg eller telefonen din. Du treng ikkje å registrere deg eller laste ned ein app for å motta nødvarsel, og det er heilt gratis.