Ørsta kommune melder at ein delegasjon har vore på Trandal i viktig ærend. Kampesteinen som hamna på kommunevegen i førre veke, er fjerna.

«Teknisk drift har fjerna steinen som datt ut på kommunevegen på Trandal. Vi hadde geoteknisk kompetanse på staden, som vurderte risiko, før vi starta arbeidet med å pigge opp steinen. Vegen er no rydda og steinen er historie (ev. grus)», heiter det i meldinga frå kommunen.