Foto: Jonas Otneim

Kaja-Kristine Rise og Aksel Skomsøy er forelska i Ørsta og området rundt.

– Det ligg midt i smørauget av opplevingar, seier dei.

Foto: Jonas Otneim

– Det var det beste året i livet mitt og eg ville ha eit til! seier Leon Felix Kramer frå Berlin.

I 2021 bestemte han seg for å reise til Ørsta for å lære seg norsk og oppleve naturen. No snakkar han norsk flytande og har gått på Vallahornet fleire gongar enn han kan telje.