Klagarane meinte planen ikkje tek omsyn til at snø kjem inn på deira eigedom når det vert brøytt.

Statsforvaltaren meiner Ørsta kommune i planen har synleggjort dei ulike interessene og omsyna som må takast i området. Vidare at kommunen sine vurderingar er forsvarlege og sakleg grunngjevne.

Statsforvaltaren meiner det ligg utanfor kva ein reguleringsplan skal omfatte å gå i detalj på kvar kommunen sine brøytebilar skal leggje att snø.

Klaga vert avvist, og Ørsta kommunestyre sitt planvedtak er stadfesta. Det er ikkje høve til å klage vidare på planvedtaket innanfor forvaltninga.