I dag, på sjølvaste kvinnedagen, opnar endeleg sørvisbygget ved Volda ferjekai.

Det melder Statens vegvesen.

Huset rommar oppvarma venterom og toalett. Vegvesenet skriv i pressemeldinga at det provisoriske venterommet vart fjerna måndag.

No framover skal det jobbast for å få uteområdet ferdig. Det står att gartnar-arbeid, legging av tredekke på den nye brygga, legging av kantstein og asfalt.

Her vert det ny brygge med tredekke og rekkverk. Foto: Svein Nordal

Etter påske skal alt vere ferdig.