Morgonandakta forsvinn frå P1 6. november, melder Vårt Land. Den er framleis tilgjengeleg på P1+ og NRK Radio på nett.

– Bakgrunnen er at vi ønskjer å gjere kanalane meir ulike. Vi vil ikkje ha same innhald begge stader. Samla vil det gi eit betre allmenntilbod, seier NRKs radiosjef Bjørn Tore Grøtte.

NRK lanserer det nye programmet Kveldstanker same dag, som skal ha innhald frå mange livssyn.