Det er Ørsta og Volda Fjordhestlag som arrangerer.

– Hendinga finn stad på utstillingsplassen i Ørsta, men dersom vêret ikkje spelar på lag flyttar vi oss inn i den nye, flotte ridehallen. 27 unghestar er påmelde, heiter det frå fjordhestlaget. Utstillinga startar på føremiddagen, og held på til utover ettermiddagen.

Ei kåringsnemnd vurderer og evaluerer hestane med tanke på type/preg, kroppsbygnad, beinkvalitet og rørsler.

– Vurderingsskalaen går frå 1 (ikkje utført) til 10 (utmerka). Hestane er inndelte i klasser: hopper 1, 2 og 3 år og hingstar 1 og 2 år. Hestane skal synast i skritt og trav samt stillast opp framfor domarane for vurdering av bein og eksteriør, heiter det i pressemeldinga.

Dei beste hestane er dei som ligg nærast opp til idealmåla i avlsplanen, og kan setjast i såkalla «kvalitet».

– Domarane plukkar også ut den beste hesten på utstillinga, uansett klasse, til «dagens hest». Vi ønsker alle velkomne til utstillinga, heiter det i pressemeldinga.