– Då landbruksnemnda gav avslag på søknaden etter jordlova, ser vi i utgangspunktet også på saka i høve kommuneplanen som avslutta. Skal vi likevel vurdere søknaden vidare lyt vedtaket etter jordlova gjerast om og momenta som det vert peika på i merknadane svarast ut, skriv kommunen i eit skriv til grendelaget.

Merknadene det vert peika på, er dei som kom frå ymse hald medan søknaden om dispensasjon for kommuneplanen låg føre.

Merknadene går mellom anna på innspel om parkeringsplassar og kryssing av veg, tryggleik mot flaum og skred, meir detaljerte planar for raste- og møteplassar og dialog med grunneigarar.