Det er også ein auke i andelen som overlever endetarmskreft – 74 prosent av kvinnene og 73 prosent av mennene, heiter det i ei pressemelding frå Helsedirektoratet.

Lungekreft er ei av dei meir dødelege kreftformene. Her er det berre 34 prosent av kvinnene og 26 prosent av mennene som overlever – men begge kjønn ligg dermed over målet om 25 prosent overleving.

– Det er stabilitet i overlevinga etter høgrisiko prostatakreft og tjukktarmskreft. Dette er gode nyheiter, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

(©NPK)