Skremt av våpen

Politiet rykte ut til ei privatadresse rett over midnatt etter ei melding frå personar som var skremt etter at ein person hadde vist fram det som likna eit handvåpen. Det viste seg å vere ein softgun. Politiet oppretta ein sak på det.

Krangel i taxikø

Litt over klokka 2 meldte politiet om ei aggressiv stemning i ei taxikø i Volda. Dei sende ein patrulje til staden og partane drog kvar til sitt.

Fest ute av kontroll

Halv tre natt til søndag melde politiet om nok ei hending i Volda. Då var det ein fest på ei privatadresse som var ute av kontroll. Politiet avslutta festen.

I arresten

I Ørsta vart ein person tatt med til arresten grunna ei ordensforstyrring. Politiet har oppretta ein sak på hendinga.

Slåst på utestad

Litt over tre natt til søndag meldte politiet om slåstkamp utanfor ein utestad i Volda. Når politiet kom på staden skal dei ha fått kontakt med partane. Ein person skal ha fått mindre skader i ei hand. Sak vart oppretta av politiet.