I 2023 mista 118 livet på norske vegar.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

– 118 omkomne er 118 for mange, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

I 2022 var det 116 som mista livet i trafikken. I 2023 har det vore ei auke i talet på omkomne i aldersgruppa 25 til 44 år. I fjor var det 28 mot 22 året før. Det er ein markant nedgang blant dei eldre (65 år og oppover) frå 38 til 25.

Møre og Romsdal (3) og Oslo (1) hadde færrast omkomne på vegane.

87 menn og 31 kvinner omkom i trafikken i 2023.