Politiet melde på twitter laurdag ettermiddag i 17.30-tida at ein bil har køyrd utfor vegen rett vest for Barstadvika.

To personar skal vere involverte. Politiet melde at dei er oppegåande, og at naudetatane er på veg til staden.

Klokka 17.54 melder politiet at ambulanse har kome fram til staden, og at ambulansepersonellet sjekkar dei involverte personane. Det er store materielle skader på bilen.