Det er Ørsta IL alpin som arrangerer skibytedagen, i samarbeid med Sparebank 1 SMN, Norges Skiforbund og Norges Idrettsforbund.

– Dette er Noregs største dugnad for kjøp og sal av brukt ski og vintersportsutstyr for ein rimeleg penge. Undersøkingar som Sparebank 1 SMN står bak, viser at ein av fire foreldre seier at tilgang til sportsutstyr er til hinder for at borna skal teste ut eller vere med på nye idrettar. Vidare seier to av tre foreldre at barneidrett er for dyrt. Vi ynskjer sjølvsagt at alle som vil skal kunne ta del i organiserte og uorganiserte vintersportsaktivitetar utan at økonomi skal vere ein hindring, seier Geir Åge Øye, leiar i Ørsta IL alpint.

Alpingruppa ynskjer å skape ein arena for kjøp og sal av brukt vintersportsutstyr, der alle får mest igjen for pengane sine.

– I tillegg er gjenbruk bra både for miljøet og lommeboka. Så her er det berre å ta ein kik i bod og garasje og leite fram utstyr som ikkje blir brukt lengre – og møt opp i Ørstahallen. Vi hjelper til med å fastsette pris om folk er usikre.