Under Bygdepride vart det flagga med regnbogeflagg frå offentlege flaggstenger i både Ørsta og Volda. Dette reagerer Vidar Mørk på og har stilt følgande spørsmål til ordførarane gjennom Møre-Nytt.
–Det er blitt meg fortalt at det vaia homoflagg på kommunale flaggstenger under Pride-helga. Kva retningslinjer gjeld her? Kan alle aksjonsgrupper få bruke flaggstengene viss dei har større (eller mindre) stemnearrangement i bygda?
Ordførar i Ørsta, Stein Aam, seier at han ikkje kjenner til kven som har godkjent bruken av Regnbogeflagga på offentlege flaggstenger i Ørsta. For han vart ikkje spurd.
– Eg kan ikkje gi eit svar til Vidar Mørk fordi eg ikkje kjenner til kva som har skjedd i saka. Eg vart ikkje spurd, og dersom eg hadde blitt spurd hadde eg truleg sagt nei, seier Stein Aam
– Vil du følge opp saka?
– Eg vil i alle fall be rådmannen om å undersøka kva som har blitt gjort frå kommunen si side i denne saka.
Rune Sæbønes i Volda/Ørsta pride seier at dei fekk ja frå kommunen.
– I Ørsta fekk vi klarsignal frå kommunegartnaren, og i Volda var det ordføraren som sa ja, seier Sæbønes.
Kvifor kjede?
Vidar Mørk vil og ha svar på kvifor ordførarane gjekk i toget med ordførarkjeder.
– Kva rolleforståing av embeta dykkar låg bak då de deltok uniformert i eit demonstrasjonstog, er spørsmålet til ordførarar og lensmannen.
– Dette var eit arrangement der det deltok to frå regjeringa. I slike høve er det naturleg at ordføraren har på seg ordførarkjede, og er fint kledd, seier Stein Aam, ordførar i Ørsta.