– Det var ei stor oppleving å vere med på Norsk Countrytreff. Å spele og synge i kyrkjer er noko av det flottaste for meg. Då syng eg rett til hjartet på folk, og årets kyrkjekonsert på Breim var fantastisk, seier Sivert Bjørdal.

Den populære countryartisten frå Bjørdalen har spelt mange stader, også i utlandet. Og i år var det den trettiande gongen han spelte og song under countryfestivalen på Skjåk. Men ikkje sidan 1995 har han delteke på Norsk Countrytreff i Gloppen, eit av dei store countrytreffa her til lands.

– Eg har vorte spurd fleire gonger om å spele der, men det har ikkje passa før no. Og det gav meirsmak, fortel Sivert.

Kyrkjekonserten er flaggskipet under Norsk Countrytreff. I tillegg til Sivert Bjørdal med band, stod m.a. Hanne Sørvaag og Tanya Tucker på plakaten. Sistnemnde er eit av dei store namna i country-verda, og høyrer til a-laget av countryartistar. Mest kjend er ho for låten «Delta Dawn». Denne og fleire andre hitar song ho i Breim kyrkje som var fullsett med vel 600 tilskodarar.

Stemning: Tanya Tucker, Sivert Bjørdal og fleire laga god stemning i Breim kyrkje.

Leverte

– Tucker leverte varene og song alle dei kjende låtane. På slutten var det fellesnummer og det var moro å få synge saman med henne. Ei triveleg dame som eg fekk god kontakt med, fortel Sivert Bjørdal, kjend som ein eminent tolkar av Hank Williams.

Styreleiar i Norsk Countrytreff, Nils R. Sandal, fortel om stor begeistring for Sivert Bjørdal.

– Sivert var strålande. Han var med og heva kyrkjekonserten som er ein stemningskonsert der vi presenter ulike retningar, der gospel er sentralt. Sivert Bjørdal har ei fantastisk evne til å formidle musikk og tekstar, og han grip folk, rosar Sandal, tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Rekord

Sandal fortel om ein vellykka festival med 17.600 tilskodarar. Publikumsrekorden vart slått med 4.000 personar.

– Det var heilt på grensa, men vi takla det bra. Det er veldig viktig for oss at folk skal trivast, og det gjer dei. Trivsel og tryggleik er nøkkelord for festivalen, fortel Sandal om stordugnaden i Gloppen. For det er det definitivt:

– Det bur 1.500 menneske i Gloppen. 700 av dei er med som frivillige under festivalen som handlar om fellesskap der ulike lag i lokalsamfunnet får litt inntekter for drifta, seier Sandal.

Han kan røpe at hovudartisten neste år vert ingen andre enn countrystjerna Emmylou Harris som har seld meir enn 15 millionar plater, og som har vunne eit dusin Grammy-prisar.

– Harris kjem til Gloppen for å halde den einaste konserten i Noreg neste år, fortel Sandal nøgd.

Han gjer det klart at Norsk Countrytreff legg lista høgt og satsar på kvalitet i alle ledd.

– Vi har etter kvart opparbeidd eit godt kontaktnett, også internasjonalt. Og artistar som har spelt på Norsk Countrytreff anbefalar andre artistar om å ta turen, fortel styreleiaren i den populære stiftinga.

Signert gitarkasse: «To Sivert my buddy, Tanya Tucker». Denne helsinga fekk Sivert Bjørdal på gitarkassa si.

Neste år er det førti år sidan Sivert Bjørdal byrja å spele country. Han har spelt mange stader opp gjennom åra, også i Litauen for 25.000 tilskodarar. Han har også vore spelt mykje på countryradio, også i utlandet, og er nok ein langt «større» artist enn det folk flest veit.

– Eg har aldri hatt ambisjonar for spelinga, og for meg har dette berre vore ein god hobby. Eg er ikkje så aktiv lenger, men festivalspeling passar perfekt, fortel Sivert nøgd etter ei god helg i Gloppen.