Ørsta symjeklubb fryktar for symjeopplæringa til den oppveksande generasjon i Ørsta. Tilstanden til symjehallen i Ørstahallen er begredeleg, fortel dei.

– Fleire fliser i bassenget er bytta ut, og der er nok fleire som treng å bli skifta ut. Enkelte stader manglar det fuge mellom flisene, som gjer at brukarane kuttar seg opp. Veggene ser forferdelege ut med flassande måling, lister er morkna og rotne, nokre har også mugg på seg, dørene har slått seg og er vanskelege å få opp, her er dårleg luft, dårleg lukt og dårlege tilhøve i garderobane, fortel leiar Monica Nesset og hovudtrenar Katrine Østgaard.

I tillegg er kapasiteten sprengt, fortel dei.

– Bassenget står tomt fleire månader i året. Og i løpet av den korte sesongen det er ope, skal elevar frå Velle, Vikemarka, Dalane og Ørsta ungdomsskule ha symjeopplæring her. Det er ein kamp om plassen, og bassenget er berre dimensjonert for 24 personar i gongen. Med store klasser er det gjerne slik at dei har symjing berre kvar andre veke.

I 2015 kom det ein ny læreplan i kroppsøving. Den seier at elevar som går ut av fjerde klasse mellom anna skal kunne symje 100 meter samanhengande, og dykke og hente ein gjenstand frå botnen av bassenget undervegs.

– Det er mange som ikkje klarer desse krava, med det tilbodet som er til opplæring no.

Kva skjer?

Ørsta symjeklubb har rundt 40 aktive medlemer. Årleg held dei kurs for rundt 100 born for å gjere dei trygge i vatn.

– Det vi er redde for er at symjehallen skal verte stengt. Når fleirbrukshallen er ferdig, skal Ørstahallen stengast. Kva skjer då med symjebassenget og vedlikehaldet av det?

Dei rosar både reinhaldarar og vaktmeistrar som dei seier gjer ein god jobb for å halde bassenget ved like.

– Men dei kjempar mot eit forfall som er vanskeleg å gjere noko med.

Ørstahallen vart bygd i 1969. Bassenget er det same.

– Den gongen var det jo nærast ein sensasjon. Det sværaste som var å finne. Men det vart fort gammalt. Det vart laga teikningar til nytt basseng allereie på 1970- eller 1980-talet, fortel Nesset.

Bassenget er også utforma på ein måte som gjer at det å øve på livberging er vanskeleg, då vatnet ikkje går heilt opp til kanten, som er vanleg standard på basseng i dag.

Heilårsbasseng

Dei håper politikarane vil sjå utfordringane og at dei ikkje gløymer behovet for eit nytt basseng.

– Vi meiner politikarane må vise handlekraft. Vi må satse på eit nytt symjebasseng tilknytt fleirbrukshallen – eit heilårsbasseng. Det er ikkje noko å vente på. Kva gjer vi den dagen dette bassenget vert stengt? Vi må også tenke litt på kvar det er vi bur. Vi er omgitt av vatn på alle kantar. Det skulle berre mangle at born i Ørsta er symjedyktige.

Dei meiner det er på høg tid å investere.

– Det vil gagne absolutt alle. Ikkje berre symjeklubben, men heile Ørsta, og kanskje også Volda, no når dei skal sanere bassenget i Voldahallen. Det kan ikkje vere slik at vi vert ståande utan tilbod om symjeopplæring. Ikkje gløym oss, det er oppmodinga. Ikkje gløym innbyggjarane i Ørsta og behovet, og også kravet, om skikkeleg opplæring i symjing.

Er på saka

Ordførar Stein Aam forstår frustrasjonen til symjeklubben. Han fortel at dei allereie 12. juni skal ha besøk i formannskapet av ein bassengspesialist som skal presentere eventuelle framtidige konsept for basseng i Ørsta.

– Vi ser mellom anna til Aukra, der dei har fått på plass ei løysing med eit hev- og seinkbart stålbasseng i ulike høgder og med ulike oppvarming. Det er eitt konsept. Det er også langt rimelegare enn det som til dømes vert bygd i Ulstein, Herøy og i Ålesund.

I økonomiplanen ligg det inne 750.000 kroner i 2019 til eit forprosjekt for basseng i Ørsta. Vidare er det lagt inn midlar i både 2020 og 2021, som politikarane kan vedta i budsjett for dei aktuelle åra.

–Så i første fase må vi sjå på bassengtype. Forprosjektet vil så ta oss vidare, og då kan vi også sjå kor fort vi kan bygge. Vi har vore gjennom tunge investeringar, og er nøydde til å tenke på økonomien. Vi har to ting som er viktig å få med seg framover: Ny Ørstaskule i sentrum og basseng for framtida. Eg er svært oppteken av at vi skal ha kontroll på økonomien, så vi må tenke i eit lenger perspektiv enn berre år for år.

Kva som skjer med symjehallen når fleirbrukshallen er ferdig, og Ørstahallen skal stengast, veit Aam førebels lite om.

– Akkurat no er det ein stor nok jobb å halde oppe drifta av den gamle Ørstahallen med symjebasseng. Det er i dårleg forfatning. Vi har tre basseng i området, i sentrum, på Hovden og på Vartdal. Så veit vi at også Volda treng nytt basseng. Kanskje kan vi samarbeide. Vi har allereie vore i dialog. Dette er ting vi må sjå på framover.