Generasjon to av brygga er utvikla i samarbeid med produsenten Etnebrygga, som vart produsent for Marina Solutions i Ørsta i 2014.

– Denne fleksible bryggjeløysinga kan tilpassast ulike behov, og gir eit unikt høve for spesialtilpasse anlegg, skriv Marina Solutions i ei pressemelding.

Ei av nyheitene er at Rennebrygga no kan bli laga med graderte (skrå) endar. Desse kan tilpassast land.

– Eit godt døme er den nye, flytande hamnepromenaden i Brosundet i Ålesund (bildet), som vart overlevert Ålesund havnevesen i januar. Brygga følgjer land i 75 meter, som er mogleg på grunn av vinkelendringane i betongbryggene.

Rennebryggene er levert med SOS-postar og rekkverk, for i ta hand om tryggleiken.

Brygga er lett å bygge om dersom behova endrar seg. Alle kablar og leidningar er lett tilgjengelege i renna.

– Den nye løysinga forenklar også vedlikehald og service. I tillegg har brygga ein fin design og ein fin finish, seier dagleg leiar Torgeir Iversen i Marina Solutions.