Ein mann i førtiåra vart pågripen av politiet i Ørsta natt til søndag. Mannen raserte leilegheita si under ein fest. Andre festdeltakarar vart skremde av framferda.
I Volda vart to menn viste vekk frå ein båt. Dei to hadde nekta å forlate båten sjølv om festen om bord var over.
Politiet gjennomførte også ein promillekontroll på Mork laurdag kveld. Eleve førarar vart kontrollerte, og det var ingen utslag.