– Overvakinga vår viser at koronasmitta aukar. Vaksinasjon er framleis hjørnesteinen i beredskapen til regjeringa, og vi har rikeleg med vaksinar, skriv Kjerkol til kommunane.

– For at dei mest sårbare innbyggjarane skal vere betre beskytta, startar vi no vaksinering med oppfriskingsdose til dei eldste. For dei fleste vil dette vere ein fjerde vaksine, skriv Kjerkol.

Det vert starta vaksinering av alle over 75 år frå og med 1. juli.

Prioriteringa er slik:

1. Sjukeheimsbebuarar og sårbare personar som er 75 år og eldre med heimesjukepleie. 2. Aldersgruppa 80 år og eldre. 3. Aldersgruppa 75-79 år.

Kjerkol understrekar at ho er kjend med at det er ferie, og at kommunane må ta omsyn til eigen kapasitet. Det vert ikkje rkavd at det skal kallast inn ekstra helsepersonell.

Kjerkol ber vidare kommunane starte planlegginga av ein fjerde dose for folk over 65 år, og folk i aldergruppa 18 til 64 år med underliggjande sjukdommar.

Staten skal dekkje kommunane sine kostnader.