– Teststasjonen og koronatelefonen i Ørsta  har endra opningstider før påska og held stengt i påskehelga. Vi oppmodar alle til å hente seg testar, slik dei har eit lite lagar dersom dei treng, heiter det frå Ørsta kommune i ei pressemelding.

Det vert ope på teststasjonen, måndag, tysdag og onsdag, og folk kan sjekke kommunen sine heimesider for opningstider.

– Du kan framleis levere inn PCR-testar heile døgnet i luka (på oppsida av Rådhuset), transport til laben i Molde vil i påskehelga skje ca annankvar dag, heiter det frå kommunen.

Koronatelefon

Koronatelefonen til teststasjonen i Ørsta har nye opningstider som er kl. 09.00-11.00 alle kvardagar, men vil vere stengd i påskehelga. Folk kan ringje den nasjonale koronatelefonen 815 55 015 om dei har generelle koronaspørsmål.