Når Noregs Bank held rentemøtet sitt 23. mars, ventar fleire at dei vil heve styringsrenta frå 2,75 til 3 prosent.

Fredag viste nye SSB-tal at prisane steig med 0,4 prosent frå januar til februar i år, medan tolvmånadersveksten i februar enda på 6,3 prosent.

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank meiner inflasjonen framleis er altfor høg, ikkje minst kjerneinflasjonen (prisstigning utan avgiftsendringar og energivarer), som var på 5,9 prosent. Dette gjer at han trur på fleire rentehevingar.

– Saman med høg inflasjon internasjonalt og svak krone, trur eg Noregs Bank oppjusterer renteprognosane og at vi vil få tre ytterlegare rentehevingar – ei i mars, ei i juni og ytterlegare ei i september.

– Vi justerer altså opp prognosane våre og trur rentetoppen blir 3,50, seier Knudsen.

Nordea meiner at Noregs Bank kan vere litt letta etter det underliggjande inflasjonstalet fredag, som var i tråd med forventningane deira. Dei opplyser at dei ventar fleire rentehevingar på 0,25 prosentpoeng og at rentetoppen vil liggje på 3,75 prosent.

Dei ser ikkje bort frå at renta kan aukast med 0,5 prosentpoeng i mars, på grunn av den svake kronekursen.

(©NPK)