Ein bil har køyrt utfor vegen på E39 i Volda kommune.

Det var ein mann i bilen, og han framstod som uskadd, opplyste politiet i Møre og Romsdal like etter midnatt onsdag.

Ulykka skal skjedd på Austefjordvegen, og bilen skal ikkje stå til hinder for anna trafikk.

I ei oppdatering klokka 00.38 skriv politiet at føraren vart tatt med til sjukehus for kontroll. Politiet opprettar sak.

Det er meldt om utfordrande vinterlege føreforhold på staden.