– Folk er generelt flinke til å ordne opp på staden sjølv. Om dei kjem innom oss, er det gjerne for å få vurdert om det er behov for å sy ein skade, eller ved mistanke om brot- og leddbandskadar. Ofte er det det, seier Ståle Onsgård Sagabråten, som er fastlege og leiar av Norsk forening for allmennmedisin.

Felles for utstyret Sagabråten tilrår her, er at det tek liten plass, veg lite og at mange av tinga har fleire bruksområde:

Enkeltmannspakning med kompress: Til store blødingar og kutt. Med godt surra bandasje kan du stramme og stoppe blødinga.

Støttebandasje: Viss du tråkkar over. For dei som går toppturar eller syklar downhill, kan det vere verdt å ta med seg ein rull med spjelkeutstyr. Eit godt alternativ er ein rull med gaffateip. Med den kan du både stabilisere brot, lappe teltet og tape overgangen mellom sko og bukse når du skal vasse.

Plaster i ulik storleik: Med plaster kan du trekke saman kutt som kanskje må syast, og lappe sår. Ta også med gnagsårplaster til føter i ulike storleikar.

Saks og pinsett: Til å kutte bandasje, klippe plaster og fjerne flått. Eit lite multiverktøy med både kniv, saks og pinsett er endå betre.

Sikkerheitsnåler: Til å feste trekanttørkle og bandasjar, og fjerne flis.

Trekanttørkle: Til å stabilisere brot og eventuelt ei skulder som er ute av ledd.

Desinfiserande våtserviettar: Til å vaske sår, og eigne og andres hender før og etter at du har vore borti blod.

Saltvatn på småflasker: Til å reinse sår og skylje auge.

Paracetamol: Til smertestilling og febernedsetting for ulike aldrar.

Antihistamin: Mot bistikk, myggstikk eller andre allergiske reaksjonar.

Xylocain salve: Er bedøvande, og til dømes fin mot stikk som klør, og brennesle.

Det vesle ekstra: Om du framleis har plass i sekken, kan du slenge oppi eit par eingongshanskar, ei maske/serviett til bruk ved munn-til-munnmetoden og ein tørrispose til å kjøle ned skader.

(©NPK)