– Det er heilt avgjerande for den nasjonale matberedskapen at jordvernet blir kraftig styrkt i kommunale og regionale vurderingar, sa leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag under konferansen Jordvern i landbruket, som blei arrangert måndag.

Konferansen samla ei rekke aktørar frå landbruksnæringa, politikarar og forskarar for å diskutere framtida for jordvern i norsk landbruk.

Problematisk sentralisering

– Viss du ser på dei nasjonale tala har over 600.000 mål dyrka mark forsvunne sidan 1950. Det er den beste jorda som har forsvunne – jorda som har lege tett inntil byar og tettstadar. Samstundes gror jord igjen andre stadar i landet. Så det totale området som norsk matproduksjon skjer på skrumpar inn i to endar, sa leiar Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i innlegget sitt på konferansen.

Også Solberg meiner sentrale styresmakter må legge føringar for at ein skal få betra jordvernet i norsk landbruk.

– Ein offensiv politikk på dette området vil krevje auka statleg innblanding. Det må bli sett sterkare premissar. Eg er heilt sikker på at lokaldemokratiet ikkje klarer å styre jordvernet godt nok. Det er for sterke lokale interesser som dreg i lokalpolitikarane, sa Solberg.

Usikre tider

Krigen i Ukraina og konsekvensane av den har for alvor sett norsk matproduksjon og matsikkerheit på dagsordenen. Temaet blei òg mykje diskutert under konferansen.

– Noreg som berre har tre prosent dyrka mark, der berre ein liten del av det igjen er godt eigna til dyrking av matkorn, understrekar behovet for å ha eit strengt jordvern. Situasjonen rundt oss i Europa og verda understrekar at vi har både rett og plikt til å produsere mat til eiga befolkning, sa bondelagsleiar Gimming.

Også landbruks- og matminister Sandra Borch deltok på konferansen. Ho peika på korleis uvissa har aktualisert debatten om jordvern.

– Bakteppet for denne konferansen er ganske alvorleg. Den internasjonale usikkerheita i Europa knytt til både mat, klima og energi er kjempealvorleg. Men det har gjort at debatten om jordvern er blitt utruleg viktig. Vi ser at fleire har fått auga opp for kor viktig tilgangen på matressursar er, sa Borch.

Destabilisering

Solberg i Småbrukarlaget peika på korleis matsystemet i verda er heilt avgjerande for å ha eit velfungerande samfunn på tvers av landegrenser.

– Det er ei uendeleg mengde tilpassingar som utgjer matsystemet i verda. Kjenneteiknet på eit øydelagt system er eit system der matsikkerheita sviktar. Det fører til mangel på mat, prisauke og frykt for at prisane vil gå i taket. Dette rammar dei som har lite frå før og kan i siste instans destabilisere eit samfunn.

Han viste vidare til dei enorme utfordringane verda står overfor om ein skal sikre matsystema inn i framtida.

– Vi må auke og endre matproduksjon, vi må redusere utsleppa og samstundes auke arealproduktiviteten. I tillegg må vi sørgje for meir karbonlagring og avgrense arealnedbygging, sa Tor Jacob Solberg.

(©NPK)