Volda kommune minner på sine heimesider om at det er ulovleg å parkere på fotgjengarfelt og i vegbana.

– Slik parkering vanskeleggjer brøytearbeidet og tvinger blant anna barn som skal til og frå skulen, ut i vegen når dei skal forbi. Dette er sjølvsagt svært uheldig.Volda kommune er i dialog med lensmannen i Ørsta/Volda for å finne ein løysing for korleis kommunen sjølv kan fjerne ulovleg parkerte bilar i framtida.