Hotelldirektør Mariann Øye-Mork ved Hotel Union Øye har fått testa ut nye sider ved seg sjølv dei siste dagane. Ho lånte vekk det ærverdige hotellet på Øye til Tindefilm, og glei sjølv rett inn i rolla som ei flørtande Miss Hardie.

Tindefilm: Frå høgre: Thomas Smoor Isaksen, Jeanette Hansen, Gry Molvær Hivju, bak Sylvia Strand, Jonathan Gregory, Kristofer Hivju, Mariann Øye Mork, Tor Sivertstøl og Daniel Sivertstøl. Framme: «Tullekul» Vebjørn Enger.

Men for å ta det frå start. Dokumentarfilmskapar Gry Molvær Hivju har i lengre tid jobba med eit prosjekt om ålesundaren Ole Brude, som i 1905 segla over Atlanterhavet i det som seinare har fått namnet «Brudeegget». Han var mannen bak ein av dei første overbygde livbåtane som vart laga. Denne historia har fasinert Molvær Hivju nok til at ho ønskjer å lage film om det. NRK har vist interesse for prosjektet, og no er Molvær Hivju i Tindefilm i gang med ein såkalla pilot-film som skal vise at ein dokumentarfilm vil vere liv laga. For Ole Brude var ikkje kven som helst.

Frå Øye til Boston: Regissør Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju gjer om Union Hotel Øye til «Boston» 1905. Sminkør Jeanette Hansen til høgre.

Få livbåtar

– Dette var ein mann som var 70 år før si tid. Som 16-åring opplevde han som førstereisgut å nesten forlise. Han stod i båten og såg korleis livbåtane, som var av tre, vart knuste til pinneved. Her fekk han ideen til det som seinare har vorte fast inventar på mange båtar: eit «egg» av metall, i stand til å tole både stormar og forlis.

Og med 70 år før si tid, meiner Molvær Hivju at Ole Brude sin idé ikkje akkurat vart teken vel i mot av alle.

– Du kan vel seie det slik at livbåtar ikkje akkurat var i støyten på denne tida. Det kunne også bety ulykke -symbolsk-  for dei sjøreisande med livbåtar, fordi det betydde at du ikkje kunne stole på båten. Så nei, det var ikkje gode tider for livbåtar, tidleg på 1900-talet – til trass for at mange omkom på havet.

Men Ole Brude var overbevist. Han konstruerte egget, og ville bevise for verda at dette var ein idé for framtida. I Ålesund rista folk på hovudet. Her stod byen på hovudet for å få bygd seg opp att etter bybrannen, mens Ole Brude konstruerte eit egg.

Uræd: «Brudeegget» var ein av de første overbygde livbåtane som vart laga. Det siste brudeegget står utstilt på Grimmerhaugen i Ålesund.

Men han var ustoppeleg. Verdsutstillinga i St. Louis var målet. Han sigla frå Ålesund til USA i 1905 i det 18 fot store, eller vesle, egget, saman med tre andre. Fem månader, fleire orkanar og tøffe tak seinare, kom dei i land i Boston.

– Altså, ikkje for å snakke ned Kon-Tiki. Men dette, det var ein røff tur!, seier Gry Molvær Hivju.

Helt

Vel framme, etter å ha vorte kasta i land i eit egg som hadde fått hard medfart, vart Brude hylla som ein helt. Det vart møte både med president og ordførar, og store avisoppslag. Fleire av artiklane er å sjå på Sunnmøre Museum, der det siste «Brudeegget» også står utstilt.

– Det var ei triumfferd, men problemet var nettopp dette: At ingen var interessert i å kjøpe slike livbåtar. Han spurte til og med White Star Line, selskapet som eigde Titanic, som forliste i 1912. Heller ikkje dei var interessert. Det var for dyrt. Det fortel noko om tida dei var inne i. Først i 1943 starta det amerikanske forsvaret å produsere livbåtar, svært like dei Ole Brude hadde laga. Eg vil dra det så langt og seie at den konstruksjonen han stod bak, den ser du over alt i dag. Det er eggeforma livbåtar som gjeld, og Brude hadde kronideen – men mista dessverre patentet. Fleire var inne på same tanken, men at det skulle vere i stål, var unikt for Brude. Det skulle vere uknuseleg.

Der er meir til historia. Ein emigrert far, ein Ole Brude med eit snev av stormannsgalskap, på leit etter både suksess og ein sakna far. Ei mor som venta i Ålesund, sjukdom og einsemd.

– Ei historie verdt å fortelje, meiner dokumentarfilmskaparen i Tindefilm.

Klatrar på hotellveggen: Oppe er Vebjørn Enger, Kristofer Hivju og Øystein Øye Bjørdal. Nede: Jonathan Gregory som styrer lyd, og regissøren sjølv Gry Molvær Hivju i gult – med Ole Brude sin skipssekk på veg opp att.

Filmkulissar

Og Miss Hardie, på Hotel Union Øye? Ho var ei kvinne Ole Brude møtte på eit luksushotell i Boston. Ei kvinne som var villig til å segle tilbake til Noreg med han. Og det er her Øye er Boston, for høvet.

– Å filme på Øye, det var heilt rett. Det er som å gå rett inn i filmkulissar. Og vi fekk utruleg god hjelp frå både dei tilsette og andre som ville bidra. Det var skikkeleg bra. Den einaste utfordringa var å kamuflere fjella, som det ikkje akkurat er lite av på Øye, men desto mindre av i Boston.

Men alt går med dyktige filmfolk. Og ifølgje Mariann Øye-Mork, er dette ein produksjon frå øvste hylle.

Alt for filmen: Skodespelar Vebjørn Enger som Ole Brude måtte ut i Norangsfjorden for ulike scener, men tørrdrakt under kostymet dempa litt den kalde maitemperaturen i sjøen.

Vebjørn Enger har rolla som Ole Brude. Enger har m.a. spelt i «Askeladden» og i «Kompani Orheim». Ektemannen til Gry Molvær Hivju, Kristofer Hivju, er også med, som kaptein Iver Thoresen på «Uræd» si ferd over Atlanterhavet. Hivju er kjent m.a. frå serien Game of Thrones.

Pilotfilmen skal vere klar til 1. oktober. Og om det munnar ut i ein dokumentarfilm, som sjølvsagt er målet, kan det vere at Øye får ein bit av lerretet også her. Det gleder Mariann Øye-Mork.

– Vi kan ikkje kvile oss på å vere eit historisk hotell aleine. Vi skal vere eit historisk og framoverlent hotell. Dette er ekstremt god reklame, og ekstremt gøy å få vere ein del av. Dette var det lett å takke ja til, seier ho.