Så langt i år har 78 menneske mista livet på norske vegar, noko som er 33 færre enn i fjor. 54 er menn, 24 er kvinner. Fem har mista l ivet i september-trafikken, noko som er ni færre enn i same månad i fjor. Det viser førebelse tal frå Statens vegvesen.

I løpet av årets ni første månader har 78 mista livet, mot 111 i 2016, 87 i 2015, 126 i 2014 og 134 i 2013.

- Vi er på veg mot eit rekordlågt tal drepte i trafikken. Alt tyder på at vi kjem rundt 100 drepte. Dei siste 12 månadene, frå oktober 2016 til september 2017 har 102 menneske mista livet i vegtrafikken. 2017 kjem til å bli det året med lågast tal drepte i trafikken på over 70 år, seier Guro Ranes i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Færre unge

- Vi har ei svært positiv utvikling i talet på drepte unge trafikantar under 26 år samanlikna med tidlegare år. Så langt har berre sju unge mista livet i ei trafikkulykke. Dette er historisk lågt for ei tradisjonelt svært risikoutsett aldersgruppe, seier Ranes.

Eitt barn under 15 år har omkome, mens sju mellom 16-24 har mista livet. 52 av dei 78 omkomne så langt i år har vore over 45 år. Av desse var 24 over 65 år.

Møteulykker er dei ulykkene der flest mister livet.

Flest i Hordaland

Flest er trafikkdrepne i Hordaland. Hittil i år har åtte omkomme i fylket.

I Akershus, Rogaland og Troms har sju mista livet.

Aust-Agder og Finnmark skiller seg markant ut. Her har ingen mista livet på vegane i 2017.

I Møre og Romsdal har fire menneske mista livet i trafikken så langt i år.