Årsaka til innstramminga er den negative utviklinga for sjøaure og laks i fylket.

Talet på sjøaure i Møre og Romsdal har gått ned 75 prosent i perioden 1993-2013. Dette ifølgje tal frå Miljødirektoratet.

Møre-Nytt skreiv om den no vedtekne regelinnstramminga i april. Det er to konkrete innstrammingar fylkesmannen kjem med.

For det første stiller han krav om at alle garn, uavhengig av maskevidd, står minst tre meter under havoverflata i heile fylket i perioden frå 1. mars til 30. september. I dag gjeld dette berre for garn med maskevidd større enn 32 millimeter.

For det andre innfører eit generelt forbod mot fiske etter laks og sjøaure frå båt i munningsfredingssona. Fiske med stong frå land vil framleis kunne gå føre seg i den tida det er lov å fiske etter sjøaure i elva.

Avgrensar dorgefiske

Det siste avgrensar mellom anna høvet til å dorge etter laks og aure ved elvemunningen. Dette var det fleire som gjorde ved Ørstaelva i 2016.

Elveeigarlaget i Ørstavassdraget har stilt seg bak innstrammingane i ein høyringsuttale. Årsmøtet i elveeigarlaget har gått endå lenger enn det fylkesmannen gjer, og stengt Ørstaelva for fiske etter aure i 2017-sesongen. Det betyr at også stongfiske etter aure ved elvemunningen vil vere ulovleg, sidan dette fisket følger reglane i elva.

– Vi er sikre på at vår stenging av elvefiske etter aure og endringa frå fylkesmannen vil betre tilhøva for laks og sjøaure i fjorden, skreiv elveeigarlaget i høyringsuttalen.

Jeger- og fiskarforbundet i fylket stiller seg også bak innstramminga.

Fredingssoner

Munningsfredingssonane rundt elvane er ikkje endra om fylkesmannen. For Ørstaelva er fredingssona denne:

«I eit sjøområde utanfor Ørstaelva, innanfor ei rett linje trekt frå austre hjørne i kaien til Møre Trikotasjefabrikk A/S i sør til trigometrisk punkt på Sesslaberget, ca. 2,1 km frå elveosen i nord.»

For Bondalselva er fredringssona denne:

«I eit sjøområde utanfor Bondalselva, innanfor ei rett linje trekt frå Hustadneset i søraust til Sæboneset i nordvest.»