Medan det er mellom 1.600 og 1.700 personar som er over 67 år gamle i Ørsta i dag, vil dette talet vere rundt 2.600 i 2040. Det viser framskrivinga til Statistisk Sentralbyrå, som er pulbisert i fylkeskommunen sin Kommunestatistikk for 2017.

Volda har ein noko slakare kurve, og vil ligge på rundt 2.200 personar over 67 år i 2040, mot rundt 1.500 i dag.

Samtidig med at talet på eldre aukar, er ikkje folketalsveksten i andre delar av befolkninga like sterk. Det gjer at det relativt sett blir færre i arbeidsfør alder, og dermed færre til å betale for til dømes helse- og omsorgstenester.

Færre yrkesaktive

Talet på yrkesaktive pensjonist (over 67 år) starta å falle rundt 2010. i Ørsta i dag er det rundt 3,4 i yrkesaktiv alder per person over 67 år. I 2040 ligg dette talet an til å vere rundt 2,4. Ein kraftig nedgang, med andre ord.

Ørsta har også ei eldre befolkning enn både resten av fylket og resten av landet. Landet som heilskap har i dag i overkant av 4 personar i yrkesaktiv alder per pensjonist. I 2040 ligg dette talet til å vere rett i under kant av 3.

Det blir også færre yrkesaktive per pensjonist i Volda, men utviklinga er mindre kraftig enn i Ørsta. Frå rundt 3,7 yrkesaktive per pensjonist i dag, vil Volda ligge rundt 2,9 yrkesaktive per pensjonist i 2040. Dette er også ei mindre dramatisk utvikling enn for landsgjennomsnittet.

Også talet på personar over 80 år kjem til å auke i åra som kjem. I dag er om lag 5,9 prosent av befolkninga i Ørsta 80 år eller eldre. I 2030 vil denne delen vere 7,1 prosent. Volda ligg noko lågare, med rundt 5 prosent i dag og 6,5 prosent i 2030. Vanylven har størst del av befolkninga over 80 år, med i underkant av 8 prosent i 2017 og heile 12,2 prosent i 2030.