– Språkbruken er viktig i eit demokrati.

Det sa Jostein O. Mo (Ap) då formannskapet handsama saka om deltakarar til demokratiprosjektet «Nettverk for folkevalde» i regi av Sunnmøre regionråd. Mo reagerte på dårleg språk i saka, og samanblanding av nynorsk og bokmål. Eldar Øye sa seg einig i refsen, men beklaga samtidig at administrasjonen ikkje hadde hatt tid til språkvask.

– Det kan ikkje vere meininga at kommunane sjølve må stå for språkvask. Dokumentet er ei skam med mykje språkleg rusk, sa Mo.

Formannskapet gjorde samrøystes vedtak i saka, men tok inn eit tillegg som Mo la fram.

– Ørsta kommune vil vise til at administrativ språkbruk er eit viktig element også i eit demokratiprosjekt, og at dette må takast med som kompetansefremjande tiltak for folkevalde.