Politiet heldt promillekontroll ved Hagen i Ørsta søndag føremiddag.

58 bilførarar vart kontrollerte, alle blåste grønt, er gladmeldinga frå politiet.

Meldt for urinering

Natt til søndag vart fire menn i Ørsta meldt for urinering på offentleg stad. Ein av dei vart også meldt av politiet for å nekte å akseptere pålegget.