Om ettermiddagen søndag 14. januar køyrde ein bil utfor vegen på E39 på Vartdal. Bilen landa på taket og bilføraren blei send til sjukehus.

Politiet opplyste at mannen framstod som rusa og at han dermed var mistenkt for promillekøyring.

Bilføraren har no møtt i Møre og Romsdal tingrett i samband med at politiet ønskjer vidare førarkortbeslag.

Klatra ut bakluka

Mannen, som er i 20-åra, meiner han ikkje er skuldig og har sett seg imot vidare beslag av førarkortet, ifølgje rettsavgjerda.

I retten har han forklart at han var på veg frå Ålesund til Ørsta. Han meiner han køyrde heilt fint, og det var ingen teikn til at han var påverka eller ikkje kunne køyre bil.

Vidare har han vist til at det var snø og dårleg ver. På Vartdalstranda var det ifølgje mannen veldig glatt. Bilen svinga frå eine sida til den andre. Han prøvde å bremse og halde på rattet, men bilen trefte autovernet og landa opp ned litt nedanfor vegen. Bilføraren fekk ikkje opp døra så han måtte klatre ut bakluka. Han fekk hjelp av andre trafikantar og samarbeidde både med politiet og ambulanse.

Mannen har forklart at han var på fest natta før og til tidleg morgon. Saman med ein venn drakk han opp to flasker sprit, eit par øl og nokre shots ute på byen. Etter at dei kom heim drakk dei også nokre cocktailblandingar, men han meiner han ikkje var påverka då ulykka hende.

Han meiner ein påverka person ikkje ville klart å gjere det han gjorde i denne situasjonen. Og han meiner han ikkje bør bli straffa for ein situasjon han ikkje hadde kontroll på. Ulykka skjedde etter hans syn på grunn av føret.

Meiner han er ein trafikkrisiko

Retten meiner på si side at det er sterke bevis for promillekøyring. Dei viser til hans eiga forklaringa om at han hadde drukke store mengder alkohol natta før. Vidare støttar retten seg til analyseresultat som har vist ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,64 promille.

Køyring med promille har stort skadepotensial, og retten finn at den sikta utgjer ein trafikkrisiko som inneber at det er nødvendig med mellombels tilbakekalling av førarretten.

Om han blir dømd risikerer han å miste førarretten i tolv til 18 månader.

Retten har avgjort at påtalemakta kan beslaglegge førarkortet hans inntil saka er endeleg avgjort, men ikkje lenger enn til 2. juli 2024.